| 
       Rektor vil ha okkupantane straffa 
      Universitetsleiinga er fast bestemt på at studentane
      som okkuperte 
      Sydneshaugen 10 må straffast. 
      Dei elleve husokkupantane vart borne ut av uniformert politi
      i 7.30-tida 
      onsdag morgon. Då hadde dei vore i huset i nesten ti døgn
      - på slutten utan 
      vatn og straum, som var kutta av huseigaren, Universitetet i
      Bergen. Dei 
      elleve vart frakta til politihuset, der dei sat fire timar i
      arresten før 
      dei vart sleppte laus. Då hadde politiet konstatert at
      ungdommane ikkje 
      ønskte å forklare seg. 
 
      Vart bua ut 
      Seinare på dagen samla meir enn 100 sinte studentar seg
      utanfor rektors 
      kontor på Nygårdshøyden. Rektor Kirsti Koch
      Christensen tok turen ut på 
      trappa for å snakke med demonstrantane. Det vart ikkje
      noko forsoningsmøte. 
      - Universitetet har plikt til å ta vare på statens
      hus og eigedom, sa ei 
      bisk og tydeleg irritert Koch Christensen. 
      - Vi har meldt aksjonen til politiet. Den meldinga står
      vi ved, sa ho, 
      etter å ha vorte spurt om ho var villig til å be
      påtalemakta droppe vidare 
      straffeforfølging av okkupantane. Ho måtte tåle
      høglydt buing som takk for 
      svaret. 
      Rektor sa seg samd i at bustadsituasjonen i Bergen ikkje er god
      nok, men 
      hadde ingen sympati for måten studentane aksjonerte på. 
 
      Lovar meir bråk 
      Det er opp til universitetsleiinga å avgjere om okkupantane
      skal få svi for 
      det dei har gjort. 
      - Slik okkupasjon kan ikkje straffast dersom ikkje forholdet
      er meldt til 
      oss. Dersom meldinga frå huseigaren blir trekt, vil saka
      bli lagt bort, 
      seier politiadvokat Einar Råen, som har ansvaret for etterforskinga. 
      Husokkupasjon blir normalt sett straffa med bøter i tusenkronersklassen.
      I 
      tillegg risikerer studentane uansett bøter for ikkje å
      ha følgd politiets 
      pålegg. Råen har ingenting å seie på
      åtferda til studentane då dei først 
      vart henta. 
      - Dei oppførte seg eksemplarisk. Det er hyggeleg og grei
      ungdom dette, 
      seier Råen. 
      Studentane lova på si side at aksjonen ikkje er over med
      dette. 
      - Okkupasjon har vist seg som ei veldig god aksjonsform. Vi har
      mange 
      verkemiddel, og har ikkje gitt oss, seier filosofistudent Espen
      Edvardsen, 
      ein av medlemmene i støttegruppa for husokkupasjonen. 
      EYSTEIN RØSSUM 
      EIRIK BREKKE OG ARNE NILSEN (foto) 
      eystein.rossum@bt.no 
      Billedtekst: 
      SINTE STUDENTAR: "Rektor er feig! Gøymer seg bak
      politi! Rektor er feig! 
      Gøymer seg..." ropte studentane utanfor UiB-rektor
      Kirsti Koch Christensen 
      i går, etter at politiet hadde sett ein stoppar for husokkupasjonen
      på 
      Sydneshaugen. 
      LEMPA UT: Ein etter ein vart studentane borne ut frå det
      okkuperte huset. - 
      Boligaksjonen er ikkje over med dette, sa ein av studentane til
      BT.
      |