Forhandlingane mellom "Vrankrijk" og kommunen går fast grunna uvilje frå politiet (10.03.01)


http://www.vrankrijk.org

Etter at ordførar Cohen i byrjinga av januar gav melding om at han ville ta opp att samtalen med politisk-kulturell sentrum Vrankrijk (Spuistraat 216), tok han kontakt med barkollektivet med spørsmål om dei ville snakke med ein uavhengig formidlar, for å sjå om ein fredeleg løysing var mogleg. Kollektivet gjekk med på forslaget og utanfor rampelyset har seks samtalar funne stad. Under desse samtalane har det vorte sett på ulike løysingar og kollektivet har strekt seg særs langt for å få til ein overeinskomst. Forslaget som etter lang drøfting vart att som reelt alternativ og som blei lagt fram forordførar Cohen var følgjande: Vrankrijk vil akseptere løyve (Vrankrijk har aldri hatt t.d. skjenkjeløyve, som okkupert bar kan kollektivet nekte politiet inngang), og halde seg ved dei ulike vilkår eit slikt løyve fører med seg. Vrankrijk sa då også ja til uanmeldt kontroll, dette med ein prøvetid på to år. Det einaste dei venta i byte var at kontrollen ikkje vart gjort av politiet, men av miljø- og branntilsynet.

I første runde viste det seg at kommunen stilte seg tilbakehaldne for eit slikt forslaget; dei var redde politiet ville kjenna seg passert. Når forslaget vart lagt fram for sjefane innan politiet vart redsla stadfesta. Politiet var rasande og lot Cohen tydleg vita at Amsterdam ville mista 6000 betjentar viss han gjekk med på forslaget. Den nytilsette ordføraren lot seg pressa at denne trusselen og det var tydleg at det er politiet som styrer politikken i Amsterdam. Sluttforslaget lagt fram av kommunen var at inspeksjonane ville bli utført av to på førehand kjente agentar i sivil.

Med dette meiner kommunen å ha vist stor vilje til å koma kollektivet i møte. Dette sjølv om brukarar og sympatisantar frå byrjinga av forhandlingane gjorde klårt at dei var villige til å diskutera alt med unntak politikontroll. Press frå politiet på kommunen har hindra ei løysing på forhandlingane. Det kan tyda på at den politiske aktiviteten i Vrankrijk er av eit slikt slag at det ikkje kan tolererast i Amsterdam. Det Vrankrijk lenge hadde mistanke om vart ved forhandlingane stadfesta: det handlar ikkje om skarve formalitetar i form av kafe lovgiving, nei, det er eit prinsippspørsmål for autoriteten i Amsterdam. Vrankrijk må, på lik line med resten av Amsterdam, bli underkasta røysta til politiet. Vrankrijk gjer her motstand mot og roper resten av Amsterdam opp til å gjera det same! Det er politiet som har sabotert forhandlingane, og det er difor politiet, og politikarane som lot det skje, som må bli stilt ansvarlege for at forhandlingane er mislukka og konsekvensane det fører med seg. Kommunen vil nok påstå at dei har gjort alt dei kunne for å komme fram til ei fredsam løysing. Teksten ovanfor viser at dette ikkje er tilfelle.

VRANKRIJK BLIR

[squat!net]


tilbake til hovedsiden